
Damsikring og flaumdemping

Stolsvassdammen stod ferdig i 1948. Dammen er ein fleirbogedam i betong, 730 meter lang og 17 meter høg på midten. Før dammen vart bygd, låg det 14 mindre vatn der Stolsvatnet i dag breier seg ut. Mot Stolsvassdammen pressa det på enorme mengder vatn. Kva om dammen rauk? Eller vart utsett for sabotasje? Det ville få enorme konsekvensar for folk som budde nedover i heile Hallingdal. Etter denne fyrste utbygginga av Stolsvatnet og Hol I, vart det ikkje bygd fleire betongdemningar. Heretter vart det bygd steinfyllingsdammar som vart rekna som mykje sikrare.
I fleire tiår levde folk i Hallingdal med ei uro. Tenk om dammen rauk. Det vart utarbeidd evakueringsplanar, og det vart gjort reknestykke som viste kor høgt vatnet kom til å nå viss dammen rauk. Sivilforsvaret hadde øving ein gong i månaden. Då ulte tyfonen som skulle varsle folk viss dei måtte evakuere. Til dømes måtte folk på Sundre sørge for å komme seg opp Øvre-Ålsbakkane forbi bygdaheimen for å unngå flaumen.
Hallingdal pressa difor på for å få bygd ny og sikrare Stolsvassdam. Etter mange år stod ny steinfyllingsdam ferdig i 2010. Nyopninga vart feira ved Stolsvassdammen og i kraftstasjonen i Hovet; FILM.
Etter dette er fleire av dei gamle betongdammane rehabilitert eller skifta ut med steinfyllingsdam. Og stadig blir det gjort vedlikehald og sikringsarbeid på damanlegga i Hallingdal.
Oppgåver
-
Kvifor var det fram til rundt 2010 eit system med damvarsling i Hallingdal. Kva kunne skje? Kvifor?
-
Studer kartet som viser kor høgt vatnet ville gått gjennom Sundre, Ål sentrum, viss Stolsvassdammen rauk. Slik ville vatnet frå Stolsvassdammen fylle opp dalbotnen gjennom heile Hallingdal. Kva trur du? Ville din heim blitt råka om den gamle betongdammen hadde kollapsa?

Før Stolsvassdammen vart utbedra i 2010 fanst det evakueringsplaner for alle berørte område. Slike plakatar hang i utsette område i heile Hallingdal. Her er ein plakat i frå Ål.
