
Ingeniørkunst og store tal

Kraftutbygginga i Hallingdal hadde bruk for dyktige fagfolk. Ingeniørar, entreprenørar, og arbeidsfolk av mange slag. Det vart bygd store dammar, lange tunnelar og avanserte kraftstasjonar. Det kravde nøye utrekning og presist arbeid når arbeidslag sprengde tunnel gjennom fjellet frå kvar sin kant, utan å bomme. Og då store installasjonar skulle på plass inne i kraftstasjonar, var det nødvendig med kreative transportløysingar. Anleggstida prega dagleglivet i Hallingdal. Mange busette seg i Hallingdal og fekk si arbeidskarriere her.
Visste du at ....
-
Dei to fyrste turbinane i Hol I var dei største Francis-turbinane i verda då dei vart sett i drift i 1949.
-
Hol 1 i Hovet var det siste norske anlegget som vart bygd med røyrgate og kraftstasjon i dagen. Kvifor?
-
Stolsvassdammen var den fyrste og einaste fleirbogedammen i Noreg. Bak dammen ligg ufattelege 220 millionar kubikkmeter med vatn.
-
Aggregat og turbinar vart frakta til kraftstasjonen i Hovet med ei amerikansk trekkvogn, Daimond T981, som vart henta frå Marseille i Frankrike like etter krigen.
Arbeidsoppgåve:
-
Lag fleire «Visste du at....» -setningar.