top of page
Film1_1.3_1.33.1 kopi.jpg

Energibehovet før, no og i framtida

Film1_1.3_1.33_1.40.1 kopi.jpg

I 1879 fekk Thomas Edison ein glødetråd av karbon til å lyse i over 13 timar. Og i 1882 bygde Edison eit kraftverk i New York som produserte elektrisitet. Men alt i 1877 kom elektrisiteten til Noreg. Fossar og elvar kunne nyttast til kraftproduksjon. Folk fekk eit enklare kvardagsliv. Hammaren kraftstasjon i Oslo starta opp år 1900. Det er det eldste kraftverket i Noreg som framleis er i bruk. Det eldste kraftverket i Hallingdal er Ål kraftverk som starta opp i 1914. Den fyrste tida var det viktig med elektrisk lys. Snart overtok lyspæra for oljelamper og stearinlys. Med elektrisk lys vart det enklare å arbeide også etter at det var blitt mørkt om kvelden. Og ei utelampe som lyste om natta vart rekna som eit statussymbol.

 

Etter 2. verdskrig auka energibehovet. Landet skulle byggast opp igjen. Fleire små lokalsamfunn med høge fossefall, fekk kraftkrevjande industri som nytta seg av store mengder elektrisk kraft, og i heimane kom mange elektriske hjelpemiddel.

 

 

 

Tabellen viser veksten i kraftproduksjon frå 1900 fram til i dag, med eit estimat for 2050.

X= årstall, Y= TWh

Oppgåver:

  1. Lag eit diagram som syner utviklinga av årleg straumproduksjon frå 1900 og fram til i dag. (Finn oppdaterte tal for inneverande år)

  2. Kvifor har energibehovet auka så dramatisk?

  3. Kor mykje elektrisk kraft produserer anlegga i Hallingdal til saman i løpet av eit år?

  4. Kva brukar me elektrisk energi til? I arbeidsliv? I heimane våre? I fritida vår?

  5. Korleis skal me løyse energibehovet vårt i framtida?

Vekst i Kraftproduksjon fra 1900 til 2050.png
bottom of page