top of page

Det grøne skiftet

groneskiftet2_1.13.1.jpg

Fornybar energi blir gjerne kalla grøn energi. Energien blir produsert som er ein del av det naturlege kretsløpet. Energi produsert ved hjelp av kol, olje og gass er ikkje fornybar. Dette er fossil energi som ligg lagra i jordskorpa og som ein dag vil ta slutt. I tillegg vil forbrenninga frigjere skadelege gassar som er med på å auke den globale oppvarminga.

Elektrisitet produsert i eit vasskraftverk er fornybar, grøn og rein. Vatnet er like reint etter at det har gjort jobben inne i kraftverket. Av omsyn til miljøet, blir det viktig å legge om energiforbruket vårt til fornybare energikjelder. 

 

Oppgåver:

  1. Kva blir rekna som fornybar energi i tillegg til vasskraft? Les t.d. om fornybar energi her: https://snl.no/fornybar_energi.

  2. Finn fordelar og ulemper ved ulike former for fornybar energiproduksjon.

  3. Bør me produsere meir fornybar energi i Hallingdal? Drøft konsekvensar ved ulike alternativ.

  4. Er kjernekraft grøn energi? https://snl.no/kjernekraftverk

  5. Bør me bygge kjernekraftverk i Noreg? Er kjernekraft eit alternativ til olje og gass? Kva meiner ulike fagmiljø og interessegrupper? Kva meiner du? Drøft.

  6. Korleis skal me løyse energibehovet i framtida? Kva er det beste alternativet? Kvifor? Drøft.

  7. Transportsektoren skal fase ut fossil energi. Kva er etter di meining det beste alternativet? Kvifor?

  8. Ei vindmølle produserer i snitt 14 GWh i året. Kor mykje elektrisk kraft blir produsert i Hallingdal? Kor mange vindmøller må til for å produsere like mykje? Kvar kunne desse vindmøllene bli plassert? Drøft plassering av vindmøller og solparkar i Hallingdal.

bottom of page