top of page
Skjermbilde 2024-04-22 kl. 13.55.24.png

Kraftproduksjon i Hallingdal: Hallingdalsanlegget

Film1__1.34.1 kopi.jpg

Ål kraftverk var fyrste kraftverket i Hallingdal. Det starta opp i 1914. Utbygginga av det som blir kalla Hallingdalsanlegget, starta for fullt like etter 2. verdskrigen. Anlegget skulle forsyne Oslo kommune med elektrisk kraft. Det var Oslo Lysverker som hadde ansvar for utbygginga. 

 

Arbeidet held på i fleire tiår. I høgfjellet vart det bygd demningar som fylte opp store vassmagasin. Det største var Stolsvassdammen

Det vart sprengt ut vasstunnelar og trykksjakter som førte vatnet til turbinane i kraftstasjonen. Den fyrste kraftstasjonen, Ruud i Hovet (Hol I), vart bygd i dagen med ei synleg røyrgate. Seinare vart det vanleg å bygge kraftstasjonen inne i fjellet.

Oppgåver:

  1. Sjå gjennom filmen og noter ned alle fjellvatn i Hallingdal som er regulerte og som blir nytta i kraftproduksjon.

  2. Bruk nettsida Våre kraftverk | Hafslund, og lag ein tabell over kraftstasjonane i Hallingdal som viser når dei vart bygde og kor mykje straum dei produserer i året?

  3. Bruk eit kart over Hallingdal og marker alle regulerte fjellvatn, merk av kor dei ulike kraftstasjonane ligg, og teikn inn tunellane som fører vatnet frå magasinet til kraftstasjonen. 

  4. Kor mange av kommunane i Hallingdal er merka av kraftutbygginga. På kva måte?

  5. Stolsvassdammen var ein betongdam som fyrst på 2000-talet vart bygd om til steinfyllingsdam. Kvifor?

  6. Kor mange gonger blir vatnet i Stolsvassdammen nytta til kraftproduksjon i Hallingdal?

bottom of page