
Til læraren eller til den som er nysgjerrig
Den lokale dokumentarfilmen “Det kvite gullet” er ein suksess og over 4000 har sett filmen på kino. Filmen fortel om den store kraftutbygginga i Hallingdal på 1900-talet. Undervisningsopplegget byggjer på denne filmen. Målgruppa er fyrst og fremst elevar i Hallingdal. Men andre må gjerne ta i bruk undervisningsopplegget. Det ligg ope og tilgjengeleg for alle interesserte.
Det meste av krafta som blir produsert i Hallingdal blir eksportert. Oslo Lysverker kjøpte i si tid fallrettar og bygde kraftanlegg og kraftliner. Oppdraget var å forsyne Oslo med elektrisitet i “all overskuelig fremtid”. Difor er denne forteljinga også ein del av historia til Oslo.
Ti korte temafilmar
Undervisningsopplegget inneheld ti korte filmar. Til kvar film er det knytt to aktuelle tema og eit sett med arbeidsoppgåver. Det er ingen progresjon eller direkte samanheng mellom filmane. Det gir rom for fleksibel bruk. I eit større og planlagt undervisningsopplegg kan det vera aktuelt å bruke fleire eller alle filmane, eller det kan brukast som eit hjelpemiddel og nødløysing for læraren som må overta ei gruppe elevar på kort varsel.
Innhald
Tekst og oppgåver tek sikte på å nå elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring.
Filmane kan nyttast i undervisning som handlar om:
-
Lokalhistorie og lokalsamfunn
-
Storsamfunn og energispørsmål
-
Miljø og klima
-
Naturvern og arealbruk
-
Elektrisitet og energiproduksjon
-
Interessekonflikter og demokratiske prosessar
-
Vassdrag og kretsløp
-
Verdiskaping og berekraft
-
Identitet og endring
-
utdanningsval og karriereval
Praktisk bruk av undervisningsopplegget
For kvar film er det plukka ut nokre kompetansemål frå læreplanen til både ungdomstrinnet og vgs. Desse kompetansemåla er meint som framlegg. Arbeidsoppgåvene er også tenkt som framlegg. Læraren må vurdere om andre kompetansemål og oppgåver vil høve betre. For eit målretta utbytte, kan det vera lurt om læraren ser gjennom filmane og sjekkar om kompetansemåla er relevante og tilpassar oppgåvene til eigne elevar.
Kjekt å vite
1 TWh = 1.000 GWh = 1.000.000 KWh
Meir om kraftutbygging i Hallingdal
finn du mellom anna i boka "Anleggstid og anleggsliv" av Thor Warberg (2014)
(denne finn du på alle biblioteka i Hallingdal)
Filmprodusentane vil gjerne vite det om du finn faktafeil, har idèar til oppgåver eller har framlegg til tekstendring.
Undervisningsopplegget er utarbeida av Eldgrim Springgard.