
Natur og miljø

Elektrisk straum er ei fornybar og rein energikjelde. Vatnet går i eit naturleg kretsløp. Sjølve produksjonen av elektrisitet i kraftstasjonen forureinar svært lite. Vatnet endrar seg ikkje om det går gjennom ein kraftstasjon. Men om vinteren får vatn som har vore lenge inne i fjellet, høgare temperatur. Når vatnet kjem tilbake i det opne elveløpet, vil det på kalde dagar stige opp frostrøyk.
I byggeperioden blir det synlege sår i naturen. Miljøet i og rundt elvar og vatn blir påverka. Landskapet endrar seg. Stølar, beiteområde og myrar blir sett under vatn. Og når eit vassmagasin er tappa ned, gjerne tidleg på sommaren, blir ei utvaska strandsone synleg. I elvane blir vatnet borte. «Kraftgater» med master og kraftliner går frå kraftstasjonane og ut av Hallingdal.
I starten var det få som protesterte mot kraftutbygginga. Den fyrste store protesten kom i 1946. Oslo Lysverker skulle bygge den fyrste store kraftlina frå Hallingdal. Kraftlina skulle gå gjennom Nordmarka. Over 30.000 møtte opp i Oslo for å demonstrere. Etter kvart såg stadig fleire at kraftutbygginga tok i bruk og endra store område som også var viktige for næring og rekreasjon. Dette gjorde at den som fekk konsesjon til å bygge ut eit vassdrag, også måtte gjera tiltak som dempa dei negative sidene ved utbygginga.
Oppgåver:
-
På kva måte kan kraftutbygging endre naturen?
-
I 1946 protesterte friluftsfolket i Oslo. Lytt til opptaket
Kva protesterte friluftsfolket i Oslo mot? Kvifor protesterte dei? -
Finn tiltak som blir gjort for å dempe skadeverknadane etter ei kraftutbygging? Kva tiltak er gjort i din kommune?
-
Registrer elvar som ikkje er utbygde i Hallingdal, eller som er lite berørt av vasskraftutbygging. Start med din eigen kommune.
-
I filmen seier Erling Diesen, som har vore direktør i NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat), at det ikkje bør byggast ut fleire elvar i Hallingdal. Kva meiner du?
-
Vel ei elv som renn fritt i ditt nærområde. Drøft og finn argument for og mot utbygging.