top of page

Verdiskaping lokalt og nasjonalt

Oslo kommune var tidleg ute og kjøpte opp fallrettane i Hallingdal. Utbygginga som starta på 1940-talet, skulle vera med på å sikre at hovudstaden fekk nok elektrisk kraft. I dag er kraftomsetjinga marknadsstyrt. Kraft har vorte ei handelsvare. Fordi Oslo kommune eig fallrettane, eig dei også det meste av krafta som blir produsert i Hallingdal. Denne produksjonen gir Oslo kommune store inntekter. Kraft produsert i Hallingdal er med på å sikre velferdsgode for innbyggjarane i hovudstaden. 

 

Kommunane i Hallingdal får også sin del av verdiskapinga. Framsynte politikarar forstod tidleg at kraftproduksjon også kom til å få negative følgjer for lokalsamfunnet. Stølar og beiteområde vart sett under vatn. I elvane vart vatnet og fisken borte. Og i naturen kom det store, varige sår. Denne ulempa hadde ein pris, meinte lokale politikarar. Kommunane som gir frå seg ein naturressurs, bør også få sin del av verdiskapinga. Det vart difor forhandla fram avtaler som sikra kommunane i Hallingdal ekstra inntekter. Ein liten del av den elektriske krafta som vart produsert i Hallingdal skulle tilbakeførast til kommunane til ein svært rimeleg pris. Dette blir kalla konsesjonskraft. Til saman får kommunane i Hallingdal tilbakeført 825 GWh. Det er omtrent så mykje elektrisk straum som 40.000 husstandar brukar på eit år. 

 

I utbygginga Uste-Nes på 60-talet ville kommunane i Hallingdal gjerne vera medeigar. Men Oslo Lysverker og Akershus og Buskerud fylke ville eige åleine. Hallingdal var viljug til å seie frå seg eigarskap, men med Osvald Medhus i spissen forhandla hallingane fram ei avtale som sikra kommunane i Hallingdal 200 GWh årleg i såkalla andelskraft. Hol får 37 GWh, Ål 41 GWh, Gol 72 GWh, Hemsedal 20 GWh, Nesbyen 49 GWh og Flå får årleg 20 GWh.

 

Hol kommune produserer eigen straum i Ustekveikja og Ørteren ved Haugastøl. Dei to kraftverka produserer til saman 106 GWh i året. Ål kraftverk produserer også straum som gir inntekter til kommunen. Ål kraftverk produserer 13 GWh. I tillegg får Ål kraftverk 80 GWh som erstatning for vatnet som vart borte då Oslo Lysverker bygde tunellen frå Strandafjorden og gjennom fjellet til Nes kraftstasjon.

 

Oppgåver:

  1. Les om konsesjonskraftprisen på regjeringa.no og finn oppdaterte tal for inneverande år:
    Kor mange millionar kroner kan kommunane i Hallingdal samla tene på sal av konsesjonskraft? 

  2. Kan du forklare kva desse tre orda betyr: Konsesjonskraft, andelskraft og erstatningskraft?

  3. Kontakt eigen kommune og be om å få ein prat med den personen som har ansvar for kraftproduksjon og kraftinntekter. Kva har kraftinntektene bidratt med av verdiskaping i din kommune? Tidlegare og i dag.

  4. Drøft påstanden: Elektrisitet har betydd mykje for velstandsutviklinga i Hallingdal og i Noreg. 

  5. Korleis har vatn og elvar vorte nytta til næringsverksemd og verdiskaping opp gjennom historia.

bottom of page