
Arbeidstilhøve før og no. HMS

Anleggsarbeidarane budde ofte i enkle brakker langt til fjells, og etter dagens standard var det kummerlege forhold. Det var ein stad for kvile mellom lange arbeidsøkter. Lenge delte to arbeidskarar ei seng. Den eine arbeidde og den andre kvilte og sov. I tillegg var det lite tilrettelagt for personleg hygiene. Sjukdom spreidde seg lett og det var langt til doktor.
Arbeidarane var delt inn i brakkelag, og ei kokke på brakkelaget sørga for godt matstell. I tillegg til «butikkmat» vart det kjøpt inn kjøt, fisk, poteter og grønsaker frå gardar i bygda, og om sommaren leverte stølar ferske mjølkeprodukt.
Link til radioprogram med Rolf Kirkvåg: Skildrar brakkeliv.
Du kan lese meir om brakkeliv i boka "Anleggstid og anleggsliv" av Thor Warberg
Oppgåver:
-
Finn skildringar av brakkeliv i Hallingdal til ulike tider. Drøft eller skriv ein kort artikkel om korleis standarden har endra seg frå dei bygde Bergensbanen og fram til i dag.
-
Kva reknar du som nødvendig personleg hygiene? Kvifor har kravet til personleg hygiene endra seg?
-
I filmen fortel Nils Ove Gjeldokk om då arbeidsfolka på 80-talet fekk einerom. Kva førde denne endringa med seg?
-
Tidlegare var kokka den einaste kvinnelege arbeidaren på anlegget. Drøft kvifor.
Link til andre nettsider:
Kraftlandet: Dei som bygde landet - arbeidsfolka
Masteroppgåve om arbeidslivet på Vinstra-anlegget 1947 - 1952:
(Heilt i starten av denne oppgåva gir eit samandrag eit lite inntrykk av korleis anleggsarbeidet var.)