top of page
folkogsamfunn2_1.56.1.jpg

Folk og samfunn. Hovet før og no.

Like etter krigsutbrotet i 1940 starta Oslo Lysverker på den store kraftutbygginga i Hallingdal med Hols-anlegget. Men det var krig i landet, og arbeidet stoppa opp i 1943. Etter krigen kom arbeidet i gang att, og anleggstida vara i fleire tiår. Den fyrste utbygginga i Hol og kraftverket på garden Ruud fekk namnet Hol I. Mange bygdefolk fekk arbeid på anlegget, men dei fleste arbeidsfolka kom likevel frå andre delar av landet.

Både i bygda og oppe i fjellet kom store brakkeleirar og nokre av verdas største demningar på den tida vart bygde. Stolsvassdammen var ein av dei største betongdammane, og ved Strandavatnet bygde dei det som den gongen var verdas høgaste steinfyllingsdam.

 

I bygda Hovet i Hol kommune sette kraftutbygginga djupe spor. Hovet var ei vanleg fjellbygd med jordbruk som den viktigaste næringa. Utover på 1900-talet vaks det også fram turisme i bygda. Det var særleg dei gode fiskeelvane som trekte turistar. Mange kom frå engelsk overklasse.

Familien til Ola Ruud vart hardast råka av utbygginga. Oslo Lysverker kjøpte heile garden og bygde røyrgate og kraftstasjon på eigedomen.

 

Oppgåver:

  1. Sjå gjennom filmen og noter ned kva som endra seg i Hovet med kraftutbygginga.

  2. Sjå gjennom lista og drøft kva som var positivt og kva som var negativt.

  3. Ola Ruud seier i filmen at «familien hans kjente det som eit overgrep, men fordi samfunnsnytten var så mykje større, måtte dei akseptere at garden vart borte». Drøft utsagnet. Lag eit lite rollespel der familien Ruud; Far, mor, barn og besteforeldre diskuterer brevet dei har fått frå Oslo Lysverker som vil kjøpe garden deira. Kva står i brevet? Kanskje kjem det naboar innom.

  4. Kor vart det av matjorda frå garden Ruud?

  5. Filmen avsluttar med ei problemstilling; Er det alltid behova til storsamfunnet som skal styre samfunnsutviklinga? Kva meiner du?

  6. Lytt til dette skuleradioprogrammet frå 1946. 
    Finn gamle foto av dei plassane gutane i programmet er innom.

bottom of page